Jul på Sunnmørsk - 10 års jubileum og nytt album

Jul på Sunnmørsk foto Peder Otto Dybvik
Jazz
Jul
Cosmopolite Scene | Malm Music Productions Hauge
onsdag 13. desember 2023
Dørene åpner 19:00
Konsert starter 20:00
Scene
Cosmopolite
Billettpris
270/150,- +avg
Aldersgrense
18 år med gyldig ID
Seter
Unummerert
Spilleliste Spotify

Jul på Sunnmørsk - 10 års jubileum og nytt album

"Jul på Sunnmørsk er et prosjekt som er lett å elske. 

På konsertene deres inviterer de publikum inn i julen på en leken måte -  alltid med mye humor og lekenhet."


Sidan 2013 har Jul på Sunnmørsk levert populære julekonsertar kor dei framelsker det faktum at jula ikke nødvendigvis må være så snødekt og gullforgylt slik vi ofte høyrer i dei typiske amerikanske julesongane. No markerar dei 10-års jubileet sitt, - og gir i den anledning også gi ut dobbel LP med tittelen “Nokre ler og nokre gret”.  

Nokre av landets beste norske jazzmusikarar er samla i prosjektet Jul på Sunnmørsk. Dei har laga eit produkt som gir folk nye felles referansar gjennom å løfte fram tradisjonane me så godt kjenner til. Dei brenn for at lokale ord og uttrykk - og gamle lokale melodier - ikkje skal gå i gløymeboka.

Vokalist Siril Malmedal Hauge har skrive dei fleste tekstane til prosjektet, og har passa på å ha med nokre av tradisjonene som minner oss om jula. Både om det fine og idylliske, men også dei irriterande typiske. Musikarane har til saman ein brei palett av musikalske referansar gjennom stor aktivitet i mange ulike prosjekt på den norske pop og jazzscena. Dette er derfor musikk som er iørefallande for folk frå over alt. Ja - til og med i Japan har dei ein fanskare!

Vi får også høre om kjent jule-tematikk; som at svora helst bør være sprø, vær til glede og besvær, dei utallige typene julekaker som må bør og skal lagast, og sjølvsagt en blues som ein hyllest til den sagnomsuste lutefisken!

Høyr eit sylkvasst band som markerar sine 10 år med brask og bram!


Siril Malmedal Hauge - vokal, fløyte
Sondre Ferstad - munnspel, trekkspel
Kjetil Jerve - tangentar
Martin Morland - kontrabass

Henrik Lødøen - trommer

Platecover coverart av Henrik Koppen