Kristin Bolstad - Gje meg fred (lanseringskonsert)

Kristin Bolstad foto Kristin Aafløy Opdan
Kristin Bolstad
fredag 16. januar 2026
Dørene åpner 19:00
Konsert starter 20:00
Scene
Belleville
Billettpris
350/200,- +avg
Aldersgrense
18 år med gyldig ID
Seter
Unummerert
Spilleliste Spotify

Kristin Bolstad - Gje meg fred (lanseringskonsert)

«Gje meg fred» fortel historia om ei sjeleleg og eksistensiell reise gjennom eitt år, og er eit personleg og nært prosjekt som handlar om kjærleik, svik, transformasjon og indre konfliktar. 

Endeleg blir det tid for lanseringskonsert av "Gje meg fred", eit konseptalbum som vart gjeve ut 22.september 2025. "Gje meg fred" er eit konseptalbum med 11 låtar som befinn seg i alternativ visejazz-landskapet, eit sjangerrikt og sjangerfritt album med låtar som fortel historia om svik og indre konfliktar - samt det å møta seg sjølv i møte med andre. Alle låtane er skrive og framført på Kristin Bolstad sin eigen vestlandsdialekt.

Kristin Bolstad sine eigne demo-opptak av vokal og piano gjort i stova heime hjå seg sjølv, dannar grunnlaget og utgangspunktet for innspelinga, der pålegga gjort i studio av dei andre musikarane bygger seg rundt Kristin sine eigne opptak. Dette forsterkar det intime og sårbare uttrykket i musikken og framføringa. Flyktige einarar, flytande puls, uventa akkordprogresjonar og overraskande melodiske vendingar, inviterte til det som har blitt til kreative og leikne arrangement som gjennom eksperimentelle tilnærmingar beveger seg sjangerlaust rundt, utan å rokka ved det insisterande og desperate uttrykket i dei originale demo-opptaka. 

"Gje meg fred" fortel historia om det om det å klamra seg fast og det å gje slepp, og om sterke møter og relasjonar fylt med kjærleik, svik, sorg, oppvakning, tvil, håp, og knuste draumar. Songane har eit enkelt preg og noko umiddelbart, rett fram og nesten primitivt ved seg, insisterande og trassige med eit djup og mørke som både rører og er ubehageleg. «Gje meg fred» handlar både om å mista seg sjølv og finna seg sjølv, om suget etter endring og tryggleiken i det å bli, om tvil og frustrasjon, glede og spenning, om det å ha fred med seg sjølv og det å få fred for andre.

Bandet består av eit stjernelag av musikarar med ulik sjangertilknyting og bakgrunn, og som består av:

Kristin Bolstad - vokal/piano
Kjetil Schjander Luhr - tangentar
Oddrun Lilja Jonsdottir - gitar
Signe Førre - bass
Øystein Bang - trommer/perk
Karl Seglem - tenorsaksofon/bukkehorn
Kristina Farstad Bjørdal - akkordeon
Stemmeklang - kor

Det blir salg av kunstfotobok og CD på konserten.

Foto: Kristin Aafløy Opdan